torsdag 30. september 2010

Onsdag

Klokka er 6:00 og alarmen på mobilen går av. Då var det opp av senga, på med treningsklærne (shorts, t-skjorte og joggesko) og komme oss ut i kulden. Meg, Jared, Tim, Eric, Timon, Vegar og Grace starta å jogge i dei 22 gradene som var nå om morgenen. Føttene var ganske trøtte fortsatt, og eg trur aldri dei våkna skikkelig før lunsj midt på dagen, men uansett så prøvde eg å holde et høgt tempo i dag, og pusha stadig opp tempoet for å få folk til å slite. Tippe det blei ny rekord i dag, men eg tok ikkje tida så eg vett ikkje heilt kor lang tid det tok. Treningsøkta på 2,6 miles (4 km) blei avslutta med litt håndstående og situps.

Til frokost så var det toast og omelett. Som blei etterfulgt av samla nyheter for veka. Merke at me er i statene, og at mye av nyhetene er retta mot det amerikanske folk. Dette blei etterfulgt av stilletid og så undervisning. I dag var temaet "Hva er det som hindrer oss å hørre guds stemme" og det blei satt opp ein lang liste over ting som gjør at vi ikkje hører guds stemme klart. Det blei endelig lunsj, og lunsjen vekka meg veldig godt opp. Heilt si eg sto opp, sprang og fram te nå så hadde eg vore trøtt i kropp og hode. Vi hadde så forberedelser til Outreach, og i dag så var det kossen me skulle skrive og framføre våre vitnesbyrd om hva gud har gjort i livene våre. Me fekk tid til å skrive ett, og nogen framførte. Det skulle vises koss det var å få oversatt sin tekst til et annet språk med tolk, så eg blei den heldige som skulle være tolk, og eg oversatte vitnesbyrdet til Vegar fra engelsk til norsk. Gjekk ganske greit, og etterpå så fekk me litt konstruktiv kritikk tilbake, og eg digge ein av kommentarene me fekk. Ein av amerikanerne rakk opp hånda, og sa "Det var veldig bra, men du Knut snakka ganske utydelig, så eg forsto ikkje heilt ke du sa".

Vi fekk tid til å bade litt i badebassenget, og eg prøvde meg på ein gainer for første gang i mitt liv. Gjekk faktisk ganske greit, va ikkje så vanskelig som eg trudde. (Baklengs salto mens du springer framover)
Gjekk også litt på hendene, ut mot kanten og vippa over og ut i bassenget. Middagen blei servert, og det var i dag filippinsk kylling og ris. Etter middag så pakka me opp sakene og reiste til Kahului. Ny shoppingdag der handlelista var 2 pakker med frokostblanding, melk, 2 brød, nutella, iskrem og havregryn. På vei tilbake så stoppa me på Starbucks meg og Vegar hadde kver sin Double Chocolate Chips Cream Frappochino. Fantastisk god, kald drikk som eg anbefale alle starbucksgjengere. Mens vi venta på at bilen skulle kjøre oss heim, så blei det litt øving på breakdancebevegelsen 6-step, og håndstående.

Kvelden blei fullført med ein time skype heim til Norge og Fredrik. Virker som det går ganske bra heime i Norge, sjølv om det ikkje er samme temperatur heime som det er her på Hawaii. Frost på bilene, og fare for høsten gjør at folk nyter dei få dagene med fint vær det er. Her varierer gradene fra 22 om nettene til 29 om dagen.

Gud begynner å utfordre meg skikkelig, og eg er ikkje sikker på om eg tør å overgi meg heilt! Kan dere heime hjelpe til med å be for meg, fordi eg begynner å bli litt redd for total overgivelse til Jesus, fordi eg ser mer og mer ke det innebærer med total overgivelse, og er ikkje sikker på om eg klarer det!
-Knut

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar