Etter frokost, og at alle var ferdig pakka inn i bilen venta ein 6 timers lang biltur. Me kjørte fra Kathmandu til Pokhara, og litt videre. Det var på med ryggsekkene, og gjekk ca 30 min innover en dal, over ei elv og så var me framme. Me bestilte kveldsmat, og mens me venta på maten, så gjekk eg ner til elva og vaska håret i elva. Resten av kvelden blei brukt til å nyte solnedgangen som gjekk ned i den eine enden av dalen. Og til å snakke rundt bordet med heile teamet. Den kvelden så sov me i et gjestehus, der me kunne hørre alt alle snakka om gjennom veggene. Så det var visst nogen som hadde lytta litt på ke naborommet snakka om, uten å sei i fra. Det førte te at det blei litt morsomme samtaler den neste dagen.
Me opprettholdt den nepalske tradisjonen med å ha lørdagen som sabbat, så me fekk ansvar for å lage i stand en gudstjeneste. Innholdet bestod av både sang, vitnesbyrd, bibelstudie og bønn. Turen i dag var også ganske enkel, og me gjekk videre til toppen av fjellet og kom til ein landsby kalla Ghorepani. Frå der så hadde me utsikt over til det fortsatt ubestega fjellet Annapurna (8091 moh). Me slappa av med ei kanne med kaffi, oss gutta. Stemningen økte litt når det begynte å snø ute, og mange som aldri har sett snøen før/savna snøen veldig gjekk ut for å leke seg i snøen, mens me fortsatte å chille inne.
I dag så måtte me tidlig opp fordi me skulle sjå soloppgangen i Himalaya. Så me våkna 5, og kledde på oss gode klær sånn at me kunne gå opp til toppen Poon Hill. Heile natta hadde det vert tordenstorm, og den fortsatte ennå. Vi var så pass høgt oppe at det som kom ner var snø, masse snø. I løpet av natta så hadde det vel komt ca 10-15 cm med snø. Og det snødde så pass tett at me kunne ikkje sjå lengre enn ca 10 meter. Me va litt redde at snøværet skulle ødelegge soloppgangen, men heldig vis så letta det når me kom opp til toppen. I frå et utkikkstårn så såg me over på Annapurna og venta på at solå sko komme opp. Det blei tatt en del bra bilder, og her er nogen.
Når me våkna så va det allerede lyst, og me såg rett ut på dei majestetiske fjella i Nepal. Alle romma med sengene i var veldig skjeive, så me hadde sove ca halveis oppreist (kvartveis kanskje), så det gjorde det ekstra enkelt å stå opp. Dagens tur var 2-3 timer nedover fjellsiden. Me kom fram te en plass me skulle ha lunsj, å me måtte venta 3 timer før me fekk maten me hadde bestilt. Jaja, ikkje noge hastverk i Nepal vertfall. Men uansett så hadde me god stemning i gruppa, så tiden fløy av gårde. Og etter at me hadde åte ferdig, så tok me oss den siste turen ner til Tatopani. Dette var ein møje større landsby enn alle dei andre plassene me hadde vore. Og her skulle me tilbringe dei neste dagene.
På kvelden satt eg og 2 andre av oss på trappa utfor der me sov, og snakka og nøyt kvelden.
Tirsdag 18
Tatopani betyr varmt vatn (Tato = varmt, pani = vatn), og det var jo ein grunn for dette. Og det var fordi dei hadde ein varm kilde her. Gradene var vell 40 grader, eller rundt der. Og me slappa av både kropp og sjel der i 2-3 timer. Resten av dagen var av, så det blei veldig møje avslapping. Gjekk litt rundt å smakte på forskjellig mat, og hadde og møje tid til å lese i bibelen.
Etter frokost så gjekk me te nabolandsbyen, (eg trur den eineste grunnen for at me gjekk der var sånn at Pastoren så me budde hos, kunne gå i den endå varmere vannkilden der, den som var for varm for oss kvitinger), men uansett så kom me i snakk med nogen som dreiv ein liten butikk der, og det tok ikkje lang tid før dei tilba oss lunsj. Det blei til at me fekk nasjonalretten Dal Bhat og me måtte ete med fingrene. (Teknikken er å holde tallerken med venstre hand, og bruke den høyrehånda til å skvise i samen ein bit av maten. Så lyfter du opp maten og bruker tommelen til å føre maten inn i munnen. Hånd og munn skal ikkje ha kontakt.)
Me gjekk tilbake til Tatopani, og etter middag så gjekk me ner i dei varme kildene igjen og slappa av der nogen timer.
I dag så tok me turen opp i fjellsiå av fjellet bak Tatpani. På veien opp så fortalte me evangeliet til dei me traff, og litt oppi fjellsia så møtte me nogen andre kristne, og dei ba oss inn på lunsj. Så enkelt e det. Også i dag så fekk me sukkerstrå og dal bhat (ris + en type saus + grønnsaker), og etterpå så hjalp me til med å rydde utav ei løe (eller kjelleren på et hus), me tok også turen bort til ein skule i nærheten, der me lekte med elevane. Kom godt med å ha vore Krik-leder nå. Etter møje lek, så fekk ein av oss lov til å fortelle evangeliet. Og eg trur det va ein heile gjeng med barn som sa dei ville ta i mot Jesus. Får bare håpe at det er et håp som blir stående i dem. Me gjekk så tilbake til den familien så me hadde fått lunsj hos, og så var det tid for oppmuntring og bønn for ei ny kirke som skulle bygges der.
Me tok turen ner til Tatopani igjen etterpå, og avslappa i kildevannet.
I dag så gjekk me andre vei i forhold til i går, så me gjekk 2-3 timer inn/oppover i dalen. Me fulgte ein grusvei innover, og det tok ikkje lang tid før me blei forfulgt av ein hund. Men når me gjekk gjennom ein landsby, så blei denne hunden angrepet av 3-4 andre hunder, så me såg ikkje så møje til hunden etter dette. Når me kom fram til der me skulle, så såg me ein flott foss, (dei nevnte noge om at den va spesiell på en eller annen måte, men kan ikkje huske ke måte den var spesiell på.) Me hadde oss lunsj, før me gjekk ut igjen, og gjekk 5 min til me kom til verdens dypeste dal. På kver side så hadde me 8000+ meter høge fjell, Annapurna og Dhaulagiri. Då me sko heimøve igjen, så gjekk me ganske fort, fordi me tenkte å bestille mat te dei andre, sånn at det var ferdig til dei kom tilbake. Men dei som fekk med seg lista og skulle bestille mat, var litt treigere enn oss, så det hjalp liksom ikkje.
Då me kom tilbake så fekk me sjå ein apekatt. Den hadde prøvd å ta litt mandarin fra et mandarintre, og blei så jaga inn i et hjørna og fanga. Så dei hadde en apekatt i bånd utfor gjestehuset. Veldig fascinerende. Etter å ha tatt et gått blikk på apekatten, så kan eg ikkje fortså at folk meine at me menneske stamme i fra apekattene. Kanskje me har 96 % likt DNA, men ei sky, en brennmanet og en vannmelon består også av 96% av det samme, men det betyr ikkje at det er det samme. Dei 4 % forskjell som er mellom apekatt og menneske tilsvarer 40 millioner forskjeller, ikkje så mye det! Grunnen til at det er så likt vil eg sei er fordi det er den samme skaperen som skapte begge.
Kvelden kom, og me satt i restauranten å las, snakka og hørte på en samtale mellom Pastor Robby og en intelligent kvit man. Mye interessant å hørre, og lære av å lytte til dei eldre som prater.
Så var det på tide å forlate Tatopani, og me fekk ein minibuss til å ta oss til neste bygd, Beni. Turen var kanskje ein 2 timer lang tur, på humpete veier og såg store hasjplanter langs veien utenfor. Stadig hørte me jentelederen rope ut "Look, a butterfly!" og så var det videre på den humpete grusveien. Eller kanskje det bare var ein gammel vei. Uansett så brukte dei bilhornet i kver sving for å signalisere at dei kom. Vel framme i Beni, så visste Robby om det beste hotelet i byen, og me skulle få sove der den neste natta. Det var lørdag igjen, og tid for å gå i kirka. For det meste så forsto me ikkje så møje, fordi det gjekk på nepalsk, men av og te så var det nogen som sa ke bibelvers dei las frå, så me kunne forstå sånn ca ke han snakka om. Oppmerksomheten vaks når me såg ein baby som låg på golvet, plutselig fekk ein stor bløt flekk under seg. Noen kom og pirka mora på skulderen, og pekte på babyen. Hun tok opp babyen, brukte litt av klærte til babyen til å tørke opp. Men det verste var at når folk gjekk rundt i kirka så trødde dei stadig i den bløte flekken. Ekkelt.
Etter 2,5 time eller noge sånn, så fekk me lov til å gå. Me kom etter møtet starta, og gjekk før det var ferdig, men likevel så hadde det vart 2,5 timer for oss. Dei er ekstreme i Asia. Vanlig å ha timevis med kirkemøter. Mens nogen gjekk på hotelrommet for å nyte kabeltven og amerikanske kanaler, gjekk meg og svensken Jonatan ut for å utforske byen. Me fant ein plass dei selte kuleis, og kjøpte 4 stykk kver, for 1 kr stykk. Då eg kom meg tilbake så blei eg med på å sjå tv, og fekk sjå ein amerikansk musikk og dansefilm. Energisk! Kvelden kom og eg fekk lese litt i boka "Heavenly man" om en mann som budde i Kina, og blei kasta i fengsel den eine gongen etter den andre og blei grusomt torturert for å følge Jesus. Ein fantastisk historie, viss du ønsker å lese om ke Gud kan gjør i dag. 2 av guttane på teamet hadde sitt 15 timer med tv før me forlot det hotellet neste dag. (Måtte ta igjen for alt tapt tid tidligere)
Søndag 23 Januar
Me starta dagen med å gå på en bønnevandring rundt i byen og ba om en vekkelse der. Etter frokost så fekk me tid til ein stilletid, og litt shopping før me skulle ta ein buss videre til Pokhera.
Etter 3 timer på en endå mer humpete vei enn i går kom me oss tilslutt til Pokhera. Me tok alle turen ner på ein kafe og nøyt oss kver ein god kaffi. Eg blei værende på kafeen litt lengre for å kunne lese, og når eg skulle gå tilbake så klarte eg ikkje å finne veien. Eg gjekk tilbake til ein vei eg huska me gjekk ner, men det var så pass mørkt at eg ikkje fant ut korti eg sko svinge av veien, så eg blei mer og mer stressa, fordi eg måtte komme meg tilbake til huset før middag. Etter ei stund så ga eg litt opp, og spurte Gud om han kunne hjelpe meg å finne veien. Rett etterpå fekk eg ein sterk følelse av at eg skulle inn ein liten bakgate. Eg gjekk inn der, men fant fort ut at dette va ein blindgate. Når eg tenkte å gå tilbake til den veien eg kjente, så møtte eg ein motorsyklist som budde i den gata. Eg spurte om veien til et hotel her i nærheten, og eg forklarte det litt koss det såg ut, og han tok meg like godt med på motorsykkelen og kjørte meg heim. Takk gud for snille nepalere!
Så var trekkingen ferdig, og en periode på 2 veker i Pokhera var framfor meg.