Dei siste dagene så har tida gått så alt for fort, så eg har ikkje fått tid til å blogge. Men viss me starte med fredag (1 okt) så satt eg i senga å såg litt igjennom nogen bilder eg hadde tatt, då nogen kom å spurte om eg sko vermed på lovsang. Oy, ja det va jo fredag i dag… Det hadde eg glømt. Eg kom meg opp, fekk i meg litt mat og kom meg te vanen. Når eg møtte opp med vanen så spurte folk om eg hadde sett ein av guttene. Dessverre, svarte eg og lurte på ke som hadde skjedd:
"Me skulle springe runden og så blei han litt dårlig, pluss at han hadde dårlige sko så han klarte ikkje å holde tempoet oppe. Han hadde visst sagt at dei kunne bare springe, og at han klarte seg sjøl." Dei sprang i fra han, og etter 30 minutt uten at han hadde dukket opp, så begynte dei å lure. Dei tok ein bil, kjørte runden og dei fant han ikkje nå heller. Mens resten reiste til lovsang i Haiku så var det 2 personer igjen på basen for å sjå om han dukka opp.
Før lovsangen starta så fekk fleire og fleire beskjed om at han var vekke, og vi starta å be om at han måtte ha det bra. Midt under lovsangen begynner folk å vinke bak i salen, og der ser eg han i inngangen. Han hadde visst glømt å svinge til høyre en plass, og fortsatt rett fram. Der hadde han gått ca 1 time før han fant ut at det kanskje var feil vei. Leitebilen fant han til slutt.
Undervisningsdelen gjekk ut på at vi skulle prøve å snakke til gud om hva han syns om oss, og ke me hadde til felles, og om planer for fremtiden. Me skulle også komme med ord til andre, og nogen fekk kunnskapsord (kunne fortelle mellomnavnet til ei jente som aldri bruker det) og han eg kom med ord til kom å takka etterpå, han hadde visst hørt noge lignende tidligere, så det er godt med litt bekreftelse av og til. Fordi det er ikkje bare bare å skille mine egne tanker fra guds stemme.
Under arbeidsoppgavene så vaska me kun 2 biler. Etter det så var det ikkje mer arbeid for oss. Når arbeidsoppgavene var ferdige så feira me dette med å bade i bassenget. Fekk også lest ferdig "Er det virkelig deg Gud?" før eg hadde skypekveld med familien heime i Norge. Kos deg!
2.Okt
Meg, Nissi og Dan fant fram badeklær og eg tok surfebrettet, og dei hadde bodyboard. Me starta å gå nerover mot hovedveien, og prøvde å haike inn til Paia. Det tar ganske lang tid å få haik med 3 personer og 3 brett. Me kom oss heilt ner på hovedveien, og sto i veikanten der i 5-10 min før me blei plukka opp av ein truck. På stranda så var det fine bølger, og meg og Nissi gjekk ut i bølgene for å surfe dei. Eg fekk 2-3 fine bølger og kom meg opp, men så begynte bølgesettene å bli ganske store, og det begynte å bli skummelt å vere ute i bølgene, så me kom oss i land. Det virka som om Dan var litt utålmodig, så me gjekk heimover. Når me gjekk ut av strandå så fant me mange av dei andre fra basen på basketballbanen. Me stoppe opp å såg litt på dei, før eg tok surfebrettet opp til 2.klassingene (SBFM) og fekk lagra brettet der. Så då sleppe eg å måtte haike heilt fra basen med brettet kver gong eg ska surfe.
Me haika oss heimover, og det tok lang tid å få haik heimover og. Når me først fekk haik, så kjørte den bare til samfunnssenteret, og me måtte starte å gå 2-3 miles heim til basen. Når me hadde gått halve den strekningen så fekk me haik opp bakken, så då kom me oss til slutt heim. Etter litt lekse så var det ut i badebassenget.
Eg bestemte meg for å gjer litt mer lekse, og nå var det tid for bibelstudie. Eg kjente meg veldig trøtt, så eg ville egentlig bare å gå legge meg, men eg fant ut at eg kunne hørre apostelens gjerninger på lydbok i stedet for å lese, sånn at eg klarte å holde meg våken. Så mens eg lytta så skreiv eg ner ting som skjedde, personer som var involvert og plasser dei reiste til. (Og det er ikkje få plasser ska eg sei deg)
Me spelte bordtennisspelet "Jorda rundt" og lytta til dei som hadde spilte gitar og jambatromme mens nogen dansa og nogen sang. God stemning. Eg og ein liten gjeng tok oss ein luftetur ner til videosjappa, og opp igjen. Nå var det tid for litt skype med Torvald og Sara, pluss snakke litt med folk på facebook.
3.Okt
Kirkebesøk. Etter kirkebesøket så reiste vi heim til pastoren i kirka. Huset hans var heilt ekstremt. Kjempe svært, veldig fint, badebasseng og boblebad i hagen, kokosnøttpalmer rundt hagen, høgt under taket, piano, fint kjøkken og stove. Lenge siden eg har vore i et skikkelig hus nå. Angre litt på at eg ikkje tok med fotoapparatet. Maten me fekk var også veldig bra: steik, kjøttburgere, kylling og ris. Me snakka litt om ke visjonen til kirka er, og ke me kan gjer i kirka.
Heime på basen så gjekk det i lekse, og folk begynner å finne ut at det er fint å gjør lekse i bønnerommet, så i dag så var det heilt fullt inne der. Dei fleste gjer jo leksene på søndagskvelden her, for leksene e te mandags morgen. Viss du trenger litt musikk å lytte til, så kan du lytte til denne spillelisten.
Gud er med oss alltid!
-Knut
Flott oppsummering, Knut!
SvarSlettSkype fungerte jo veldig bra, både enkelt og god kvalitet.
Far